top of page

OM OSS

I 1991 starta handelsmannen Bjørn Vagstad Innvik Heimebakeri for å kunne tilby kundane sine ferske bakervarer. Då postkontoret i same bygg vart lagd ned i 1998, etablerte Bjørn ein kafé i desse lokala og flytta bakeriutsalget inn i kafeen.


Oppigjennom åra har kaféen hatt fleire eigarar og namn, og etterkvart vart heimebakeriet lagt ned.
Noverande drivar og kafevert, Trude Presthus, tok over kaféen 1.oktober 2013. Ho la om drifta totalt;
post- og banktenester vart sagt opp, gamle og utdaterte bakaromnar vart kasta ut og eit nytt konsept tok form.


Café Gobeten ligg i Vagstadbygget tett inntil Rv60 med Nordfjorden på nedsida. Innvikbygda med sine 500 innbyggjarar er ei av dei vakraste bygdene i Nordfjord, og om sommaren er trafikken gjennom bygda enorm. Juni/juli/august er høgsesong med lange åpningstider. I løpet av sommaren har vi besøkande frå alle verdensdelar og folk fra 60 – 70 land er innom kaféen.

Café Gobeten tilbyr idag ein rikhaldig a la carte meny, der du m.a. finn hjortekarbonader, torskeloin, kvalbiff og svinekjaker i Ægirøl, i tillegg til meir vanlege rettar som f.eks. biffsnadder og kyllinglår. Vi legg stor vekt på å lage maten fra botnen av og nyttar kun gode råvarer.

 

I tillegg baker vi alt til kakedisken sjølv, og våre ostekaker, oreokaker og sjokolade/bringebærkaker er vidkjende langt utanfor Innvik. 

 

Kaféen har eigen kaffebar der vi m.a. tilbyr espresso, cappuccino, kaffe latte, iskaffe etc. Vi har alle skjenkerettigheter og er stolte over å kunne tilby eit stort utval av øl fra lokalbryggeria Balder Brygg og Kinn Bryggeri. Kaféen er det naturlege samlingspunktet i bygda, der folk treffast over ein kaffikopp eller ei rykande fersk svele.

 

Velkomen til Café Gobeten, den sjarmerande kaféen litt utanom det vanlege!

bottom of page